Avansert søk


Kjell og Endre med klar seier 6.Kveld av Haustturneringa 03.10.16!

Magne og formannen kneip 2.plassen! NESTE GONG STARTER KLUBBMESTERSKAPET 2016! KLARER ME 7 BORD? VEL MØTT!

NM-par 2016

 NM-par ble arrangert i Kristiansand denne helga.

Stian Evenstad og Espen Larsen endte på en hederlig 12-plass.

 

Tur til Herdla 14. - 15- januar

Helga 14. - 15. januar blir det igjen klubbtur til Herdla Gjestgiveri. Vi reiser som vanleg utover om føremiddagen laurdag og heimover søndag ved lunsjtider. Sist vi var der, januar 2016, var vi 16 som tok turen. Då vi starta påmeldinga under spelinga måndag meldte alt 13 seg på. Vi har plass til 20 (hvis vi får låna bord av Ole og Laila  ) så dei som ynskjer å vera med må vera rask å melda seg. 

Pris i enkeltrom 1530.- I dobbeltrom 1285.- Prisen inkluderer lunsj laurdag, middag laurdag kveld og frokost søndag. Elles er all bridgespeling gratis.

Frist for påmelding er 1. november. Påmelding til Anders.

Fantastisk soloppgang over Herdla då vi var der i januar 2016. (Foto: Marit Havelin)

Arne og Sverre starta sesongen med seier

 2,5 bord på første kveld. Me rekna opp 9 spelarar til i bygda som mangla, samt ingen frå Gaupne.

Jan Frode kjem aktivt til å undersøke om dei som mangla kjem tilbake, deretter pare i saman dei som vil spele men som manglar makker.
- Sterk oppmoding til Gaupne om å syte for at det kjem ein bil innover og. Det er alltid folk frå Skjolden som reiser til Gaupne

Klubben er alltid på jakt etter nye spelarar. Så sant det finnes kandidatar vil det verte kurs i vinter. Aldersgruppe Undgomsskule til dei godt vaksne.

Namn på interesserte meldast raskast råd inn til Jan Frode. Dersom alle medlemmane tek eit tak i rekruttering, er me fort dobbelt så store.